Meny

Velkomen til Folgefonna Nasjonalpark!

Her kan du vera aktiv og utforska ein enorm variasjon av flotte landskap og vakre dalføre og bli med på kjekke aktivitetar!

Turlaga i regionen inviterer til turar med flotte naturopplevingar

30. oktober 2016

Turlaga i regionen inviterer til turar med flotte naturopplevingar no på forsommaren!

Folgefonnsenteret nærmer seg

21. september 2016

No blir det enklare for fjellfolket i Jotunheimen å benytte buss framfor bil!

Se nyhetsarkivet eller følg oss på Facebook for flere oppdateringer.

Innfallsportane til Folgefonna

Det er mange innfallsportar til Folgefonna nasjonalpark. Ein «innfallsport» er ein stad der du kan få verdifull informasjon som gjev størst mogeleg utbyte av utforskinga di. Våre venlege lokalkjende ekspertar kan òg peika på kvar det er best med ein base. Overnatting i regionen vår varierer frå det eksklusive og pittoreske til det enkle og sjarmerande.

Oppdateringer

Besøksrekord

Du kan lett bruka fleire veker på å utforska dei mange attraksjonane i og rundt Folgefonna nasjonalpark. På lista over offisielle Folgefonna-attraksjonar finn du eit utval av stader med praktfull natur og spennande kulturelle høgdepunkt.

Vern gjennom bruk

Før du utforskar nasjonalparken, er det vel verdt å vitja Besøkssenteret i Rosendal eller ein annan innfallsport – med auka forståing aukar òg gleda og utbytet. Dei byr på fascinerande utstillingar, god informasjon og hjelpsame råd.

Om parken

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn. Fjordbygdene rundt breen har ei rik kulturhistorie. Her finst gamle klyngetun, og i fjelldalane er gamle setrer framleis i drift.

Startpunkt

Det er mange innfallsportar til Folgefonna nasjonalpark. Ein «innfallsport» er ein stad der du kan få verdifull informasjon som gjev størst mogeleg utbyte av utforskinga di. Våre venlege lokalkjende ekspertar kan òg peika på kvar det er best med ein base. Overnatting i regionen vår varierer frå det eksklusive og pittoreske til det enkle og sjarmerande.

Opplevelser

Du kan lett bruka fleire veker på å utforska dei mange attraksjonane i og rundt Folgefonna nasjonalpark. Du kan beundra bre og brearmar, isfall, turkisfarga brevatn og krystallklare elvar som rasar av stad med smeltevatn. Det freistar med fotturar i ville dalar, å klatra i høgda og kikka ned på fjordar som isen har brukt titusenvis av år på å grava ut or harde fjellet. Sjå nøye, og du vil oppdaga ein variert flora og eit rikt fugleliv, kan hende også nokre av dei meir sjenerte dyra som trivst i desse traktene.

Utstilling i Folgefonnsenteret

La Vestlandet by på meir enn tilskodarsport. Ein vakker nasjonalpark opnar for mange eventyr i villmarka. Aktivitetsmenyen til Folgefonnhalvøya vil garantert lokke fram forventningsfulle smil og auke pulsen din.

Reise og overnatting

Fjordbygdene i nærleiken av Folgefonna nasjonalpark byr på god og variert overnatting. Her er historiske hotell og sjarmerande gjestgjevarheimar, campingplassar i vakker natur, hytter og rom i private bustader. Du kan velje det som passar dine ønske og reisebudsjett.

Fakta & informasjon

Hvor ligger Folgefonna?

Folgefonnhalvøya i Hardanger og dekker områder i Jondal, Ullensvang, Odda, Etne og Kvinnherad kommuner, alle i Hordaland fylke.

Besøkssenter nasjonalpark

Folgefonnsenteret
Skålakaien 5470 Rosendal
Telefon: 53 48 42 80
E-post: turistinfo@kvinnherad.kommune.no

Turistinformasjon
Forvaltning og oppsyn
Verneområder i nærheten

Informasjon

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn. Fjordbygdene rundt breen har ei rik kulturhistorie. Her finst gamle klyngetun, og i fjelldalane er gamle setrer framleis i drift.

Opplev Folgefonna

Besøkssenter

Adresse:
Skålakaien 5470 Rosendal

Telefon: 53 48 42 80
E-post: turistinfo@kvinnherad.kommune.no

Åpningstider og informasjon

Gratis inngang

Ope 01.06.–31.08
Mondag - søndag, kl. 10–19.

Velkommen inn, ta vare på naturen

Hugs at du er naturen sin gjest når du vitjar nasjonalparkane våre. Første regel er: Vis omsyn til alt liv kring deg – også andre menneske.

Allemannsretten gir oss mulighet til å ferdes fritt i verneområdene. All ferdsel skal skje hensynsfullt, slik at dyr og planter ikke blir skadet eller forstyrret. I enkelte områder kan det være ferdselsforbud i deler av året, som i hekke- og yngletida.

Retningslinjer

  • Gå der du vil, på beina eller på ski. Alt som har motor, er i utgangspunktet forbode.
  • Rast der du vil, og du må gjerne slå opp telt til overnatting. Rydd opp etter deg, og ta med bosset heim.
  • Du kan gjerne tenna opp bål, men hugs det generelle forbodet mot bålbrenning i skog og mark mellom 15. april og 15. september. Vis omsyn når du sankar ved.
  • Du kan plukka bær, sopp og vanlege plantar til eige bruk. Vis omsyn til kulturminne, vegetasjon og dyreliv. Ta ekstra omsyn i hekke- og yngletida.
  • Jakt og fiske er tillate som elles. Hugs jakt-/fiskekort. Ikkje bruk levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk frå eitt vassdrag til eit anna.
  • Du kan ta med deg hund, men hugs utvida bandtvang i perioden 1. april til 20. august. Nokre kommunar har eigne reglar om dette.